Klimapartnere Vestland inviterer partnarar og pådrivarar i næringslivet til inspirasjon og samtale om grøn verdiskaping i Sogn og Fjordane
TID: 30. januar, kl 11.00 – 15.00
STAD: Nynorskhuset i Førde (Storehagen 9)

Vi løftar fram verksemder som har teke grep og flytta omstillinga frå strategiar og styringsdokument til konkrete handlingar og tiltak. Alfred Bjørlo kjem for å fortelje om den nye næringsstiftinga Drivkraft, der han nyleg har tiltrådd som dagleg leiar.
Næringsstiftinga Drivkraft er etablert av SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, med mål om å vere ei kraft for nyskaping og innovasjon i næringslivet. Stiftinga har ein startkapital på 100 millionar kroner.
Vi møter fleire verksemder som går føre med innovative løysingar for å gjere avfall om til ressursar:
Hellenes Industries, Norva24 og Renasys (tidlegare vinnar av Drivprisen for grøn innovasjon).
Vi får høyre om Fjordbase Energy Florø, ein av hubane i Grøn region, og eit døme på kva vi kan få til når næringsaktørar, kommunar og fylkeskommunen går saman om løysingar.
Deretter inviterer vi leiarar, berekraftsansvarlege og andre pådrivarar til ein felles rundebordssamtale. Her blir det diskutert tiltak, moglegheiter og ambisjonar for grøn verdiskaping i Sogn og Fjordane, med vekt på open og konstruktiv dialog.
Program
11.00–12.00 – Lunsj og registrering
12.00–13.30 – Ny driv for grøn omstilling i Sogn og Fjordane
Korleis skape grøn innovasjon?
-> Alfred Bjørlo, dagleg leiar, Drivkraft
-> Roger Flølo, dagleg leiar, Nyvinn
-> Linn Theres Nekkøy, Fjordbase Energy Florø / Aksello
Verksemder som går foran:
-> Norva24, Espen Eikemo
-> Renasys, Tomas Eikelid,
-> Hellenes Industries, Jørgen Lorenz
13.30–13.50 – Pause og mingling
13.50–15.00 – Rundebordssamtale – Korleis klarar vi dette saman?
Felles rundebordssamtale leia av Alfred Bjørlo. Korleis skapar vi nye, berekraftige verdiar saman?
Med innleiing frå Linn Theres Nekkøy (Aksello), Tor Martin Misund (Grøn region Vestland) og Renate Nedregård (Klimapartnere Vestland)
Vi inviterer alle deltakarar til å vere med i diskusjonen.
Det er gratis å delta, og samlinga er open for alle påmeldte
Kontakt truls.johnsen@vlfk.no for meir informasjon