Vi er glade for å ønskje Fjord Base velkomen som ny klimapartnar i Klimapartnere Vestland.
Som Noregs største forsyningsbase, strategisk plassert i Florø, spelar Fjord Base ei sentral rolle i både regional verdiskaping og i omstillinga mot eit meir berekraftig næringsliv. Fredag 30. januar signerte dei partnaravtala under Klimapartnere Vestlands rundebordsmøte i Førde.
– Både samfunnsansvar og forretningsutvikling
Fjord Base har over 1 060 000 kvadratmeter baseareal og rundt 650 arbeidsplassar fordelte på 65 verksemder. Med meir enn 40 års erfaring innan olje og gass står verksemda no midt i ei viktig omstillingsfase. Basen er godt posisjonert for det grøne skiftet, og arbeider målretta med nye satsingar innan mellom anna havvind, hydrogen og ammoniakk.
For oss handlar klimaarbeid både om samfunnsansvar og forretningsutvikling. Eit strukturert arbeid med å redusere utslepp gjer oss betre rusta til å møte aukande krav frå kundar, eigarar og styresmakter, samstundes som det gir oss eit langsiktig konkurransefortrinn i ein marknad i rask endring
- Ole Schanke Eikum, CEO i Fjord Base Holding AS.
Viktig samarbeidsarena
Fjord Base har over tid arbeidd systematisk med grøn omstilling og reduksjon av klimagassutslepp. Gjennom både store og små tiltak har verksemda redusert utsleppsintensiteten med om lag 20 prosent dei siste fem åra. I Klimapartnarskapet ønskjer dei å bidra med praktiske erfaringar frå dette arbeidet, og ta ei tydeleg rolle som pådrivar for grøn næringsutvikling i regionen.
– Klimapartnere er ein viktig arena for samarbeid og nettverksbygging. Partnarskapet samlar toppleiarar og berekraftsansvarlege som arbeider systematisk og målretta med eigne utslepp, godt forankra i leiinga. Det gir både fagleg påfyll og eit fellesskap som styrkjer berekraftsarbeidet vårt vidare, seier Eikum.

Tung aktør i regionen
Også Klimapartnere Vestland ser stor verdi i å få Fjord Base med på laget.
Fjord Base er ein tung og viktig aktør i Vestland, med både vilje og evne til å gå føre i det grøne skiftet. Dei vil vere eit viktig bidrag inn i partnarskapet og vi ser fram til det videre samarbeidet
- Renate Nedregård i Klimapartnere Vestland.