Klimafestivalen Varmere Våtere Villere er ny klimapartnar i Vestland

Årets opningsfest under klimafestivalen i Bergen vart ei stor hending for Klimapartnere Vestland. Der vart avtalen signert som gjer Varmare Våtere Villare til offisiell klimapartnar.

Alle foto: Øystein Haara / Varmere Våtere Villere

Varmare Våtere Villare trekkjer publikum frå heile landet til ein firedagars klimafestival i Bergen, med mål om å skape engasjement, kunnskap og handling i møte med klimaendringane. Festivalen er ein viktig møteplass for samtale og samarbeid om det grøne skiftet.

Festivalen vart opna med lovord frå mellom andre fylkesordførar Jon Askeland, som på vegner av Klimapartnere Vestland også kunne ønskje Varmere Våtere Villere velkomen som klimapartnar.

Signering under åpningsfesten

I sitt innlegg løfta han fram verdien av samarbeid som avgjerande for å få meir fart på klimaarbeidet i fylket, og peika på den viktige rolla Klimapartnere Vestland har i å samle aktørar til konkret handling.

Styreleiar i Varmere Våtere Villere, Kikki Kleiven, signerte partneravtalen på vegner av klimafestivalen til applaus frå publikum.

– Som nasjonal klimafestival er det viktig for oss i Varmare Våtare Villare å ikkje berre snakke om endring, men òg vere ein aktiv del av ho. Gjennom Klimapartnarar Vestland blir vi kopla på eit fellesskap som gir kraft til konkrete klimatiltak, med aktørar som deler ambisjonane våre om å omsetje innsikt til handling. Vi gler oss til å bidra! seier Kleiven.

NY KLIMAPARTNER: – Vi gler oss til å bidra i fellesskapet, seier Kikki Kleiven, styreleiar i klimafestivalen Varmere Våtere Villere. Her under åpningsfesten i lag med Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.

Samla klimaleiarar i Bergen

Til stades under åpningsfesten var òg fleire regionleiarar frå Klimapartnere i andre delar av landet, som var i Bergen for å delta på klimafestivalen og ei nasjonal strategisamling i forkant.

– Det er ekstra stas å kunne være samla i Bergen og dele denne hendinga med kollegaene våre frå heile landet, seier Truls-Einar Strand Johnsen, nasjonal koordinator i Klimapartnere.

Klimapartnere Vestland har samarbeidd med festivalen om fleire arrangement dei siste åra, mellom anna «Klimamyteknusarane» på årets festivalprogram.

Les meir her: Knuste klimamyter på festivalscenen

Kraftfullt samarbeid

Med Varmare Våtere Villare som ny klimapartnar blir samarbeidet framover styrkt ytterlegare. Renate Nedregård, leiar i Klimapartnere Vestland, ønskjer festivalen varmt velkomen i partnerskapet.

– At festivalen no blir klimapartnar, viser kor kraftfullt samarbeidet mellom kultur, offentleg sektor og næringsliv kan vere i det grøne skiftet, seier Nedregård.

– I lag kan vi bidra til reelle utsleppskutt og inspirere fleire til å ta del i omstillinga.

SIGNERTE PARTNERAVTALE: F.v.: Renate Nedregård (Leiar, Klimapartnere Vestland), Kikki Kleiven (Styreleiar, Varmere Våtere Villere), Jon Askeland (Fylkesordførar, Vestland fylkeskommune), Vilde Blomhoff Pedersen (festivalsjef, Varmere Våtere Villere)

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner