Velkomen til BIFF som klimapartner!

Bergen internasjonale filmfestival (etablert i år 2000), presenterer årleg meir enn 130 dokumentar- og fiksjonsfilmar og er med dette omfanget den største filmfestivalen i Noreg. 

I 2011 etablerte BIFF ein eigen klimafestival – som del av filmfestivalen – og har hittil vist meir enn 100 dokumentarar relatert til klima og natur. Titlar som Plastic People, Wilding, Going Circular, Gunda, Fashion Reimagined, Common Ground, Deep Rising og The Farmer and the Hipster – er nokre av filmane som har bidratt sterkt til både kriseforståing og vegar å gå for å løyse utfordringane vi står i. Mange av desse filmane inngår også i skulevisningsprogrammet og når ut til over 20 tusen elevar, fortel Jesper Kirkeby Brevik (til høgre i bildet over) som er ansvarleg for Klimafestival-delen i BIFF.

SAMARBEID OM PLASTDOKUMENTAR: Under filmfestivalen BIFF i 2024 trakk Klimapartnere Vestland fullt hus med filmvisning og påfølgende panelsamtale om filmen Plastic People.


– Klimapartnere Vestland samarbeidde med BIFF i fjor for å skape dialog og samtale rundt «Plastic People», med fullt hus i både kinosal og kulturhus. Det gleder oss derfor stort at dei no blir aktivt med i partnarskapet, seier Klimapartnerleiar Renate Nedregård.

Vi har stilt to grunnleggande spørsmål til festivalsjef, Kristian Fyllingsnes (til venstre i bildet øverst):

Kvifor ønskjer BIFF å vera med som Klimapartner?

Kva trur de at de kan bidra med inn i partnerskapet?

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner