Ny partner: Det Vestnorske Teateret

Klimapartnere Vestland ønskjer Det Vestnorske Teateret velkomen som ny partner!
Scenekunstbransjen har mange felles utfordringar når det gjeld å redusere klimaavtrykket, og vi gler oss over å få nok ein kreativ og dyktig kulturaktør med på laget.

(Bilde over: Christine Hope og Thomas Bye i førestillinga «E16». Foto: Andreas Roksvåg / Det Vestnorske Teateret)

Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater) er eit regionteater, etablert i 1988. Teateret satsar på ny dramatikk som er forankra i det vestnorske. Dei har framsyningar i teaterhuset «Logen» i Bergen sentrum, og er i blant på turné i Vestlandsregionen. Thomas Bye, som har vore teatersjef sidan 2023, er òg ofte å sjå på scena som skodespelar.

Kvifor Klimapartnere?

Teatersjef Thomas Bye fortel at miljø og klima er viktig for teateret:

– Vi bryr oss om miljøet. Alt vi gjer har ein påverknad på naturen. Derfor jobber vi allereie med å redusere klimaavtrykket frå teaterproduksjonane. Vi er Miljøfyrtårn, som betyr at vi set krav innan innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og arbeidsmiljø. I tillegg følgjer vi utviklinga i eit nasjonalt nettverk i noko som heiter Green Producers Tool. Som del av Klimapartnere ønskjer vi å vera del av eit regionalt fellesskap.

Kva jobbar dei med?

– Det største klimaavtrykket i vår bransje har vi frå innsatsfaktorane i kvar produksjon, særleg tre, metall og tekstil.  I tillegg kjem reiser på kunstnarleg personell.  Sjølv reiser vi svært lite, det meste av våre møter vert gjennomført på Teams.

Bidrag til fellesskapet

– Vi vil gjerne bidra med korleis vi planlegg for redusert klimaavtrykk i produksjonane. Tilsvarande er vi glad for at det no er fleire verksemder i same bransje som er med i Klimapartner.  Det er eit godt utgangspunkt for erfaringsutveksling, seier teatersjefen.

Bård Sandal, direktør for Næring, plan og innovasjon i Vestland Fylkeskommune, signerte partnaravtalen med Det Vestnorske Teateret og teatersjef Thomas Bye.
Renate Nedregård, leiar i Klimapartnere Vestland, ønskjer velkomen til Atle Marøen, direktør i Det Vestnorske Teateret.


– Det siste året har vi opplevd ei herleg kulturbølgje i Klimapartnere Vestland, seier leiar Renate Nedregård. – Vi blir inspirerte av å sjå kor stort engasjementet for klimasaka er i kulturbransjen. Dei som driv med scenekunst har ein stor kontaktflate mot publikum, og kan såleis ha stor påverknad gjennom små tiltak.

Vi ser fram til å lære meir frå Det Vestnorske Teateret og samarbeide om grøn omstilling i kultursektoren!

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner