Kvart år presenterer Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) årets viktigaste og mest aktuelle nye filmar frå heie verda. I 2011 fann festivalleiinga ut at klima og natur måtte få eit særlig fokus. Dermed vart Klimafestivalen i BIFF etablert.
BIFF søkjer å vera ein demokratibyggande arena og med Klimafestivalen ønskjer vi å skapa sterkare medvit og engasjement rundt vår tids største utfordring – nemleg klimakrisa, seier Jesper Kirkeby Brevik som er klimafestivalansvarleg.
Gjennom uforgløymelege filmopplevingar, relevante gjester og ei rekkje arrangement både i og utanfor kinosalen har Klimafestivalen som mål å opplysa om aktuelle og globale tema, dra lokale parallellar og inspirere eit mangfaldig lokalt publikum til å jobbe saman for ei berekraftig framtid.
I årets festival (2025) vart tretten filmar vist under Klimafestivalen på BIFF
Klimakrisa er ikkje ei isolert utfordring, men påverker og truar alt liv på jorda, seier Brevik. I ei turbulent tid der globale konfliktar og uro har sett klimasaka i baksetet, er det inspirerande å sjå at interessa rundt Klimafestivalen på BIFF berre blir større. Programmet har blitt eit samlingspunkt for publikum, eldsjeler, ekspertar og andre aktører innan klimafeltet som ønskjer å ta ei aktiv rolle i klimasaka.
Skuleprogrammet når ut til tusenvis av elevar
Jesper Brevik synest det er spesielt kjekt å sjå engasjementet frå elevar og lærarar som kvart år flokkar til BIFF sitt gratis skuleprogram. Heildagsprogrammet «Berekraftig utvikling», som består av tre tematisk tilknytta filmar, er veldig populært og vart i 2025 besøkt av nærare 7 000 elevar fordelt på over 70 visningar. Fleire filmar frå klimaprogrammet er òg del av BIFF sin fylkesturné, underlagt Den kulturelle skulesekken, som vil nå ut til nærare 4000 skuleelevar frå Sotra, Fusa, Husnes, Stord, Austevoll, Stryn, Flora, Flekke, Voss og Øystese.

Det var nettopp ein klima-relatert dokumentarfilm som førte BIFF og Klimapartnere Vestland saman i 2024. Filmen «Plastic People» viste kor ille plastforureininga i naturen er – og dokumenterte at mikroplast finn vegen inn i alt liv – ja like inn i hjernevev hos menneske og dyr. Meir enn seksti møtte til panelsamtale etter filmen – og både BIFF og plastrydde-stiftinga Framtidshavet har sidan blitt med i Klimapartnere for å ta del i samarbeidet for klima.
    