Jordomseiling med full kontroll på klimaavtrykket

I meir enn eitt år har «Statsraad Lehmkuhl» vore på verdsomsegling for å spreie kunnskap om havet og global berekraft. Undervegs målar dette flytande universitetet sitt eige fotavtrykk ved å føre klimarekneskap. Eit prosjekt alle kan lære av!

One Ocean Expedition

Frå august 2021 til april 2023 siglar Statsraad Lehmkuhl 55.000 nautiske mil og vitjar 36 hamner over heile verda. Mannskapet på seglskipet lagar ein heilt transparent klimarekneskap som alle kan sjå og dra lærdom av. Eit heilskapleg inntrykk av klimafotavtrykket er relevant for både kommunar, selskap og organisasjonar.

PwC Bergen har utvikla ei innrapporteringsløysing, der mannskap og trainees om bord på skipet rapporterer inn data knytt til ei rekkje utsleppskategoriar. Totalt gir dette datagrunnlaget for seglasens klimarekneskap. Data som blir samla kan brukast til å legge om kursen for å sleppe ut minst mogleg klimagassar.

PwC Bergen har utvikla ei innrapporteringsløysing, der mannskap og trainees om bord på skipet rapporterer inn data knytt til ei rekkje utsleppskategoriar.

Kva er det som blir målt?

Statsraad Lehmkuhl fungerer som eit flytande universitets- og treningsfartøy kombinert, og bringer studentar, forskarar, traineear og fagfolk saman på ulike etappar verda rundt. Det som blir målt er m.a. reiser til og frå hamn, forbruk av drivstoff, samt avfallsmengder. Klimarekneskapen blir framstilt og gjort tilgjengeleg via nettet- både etappe for etappe og totalt – i eit interaktivt dashboard.

«Pilotprosjektet gikk over all forventning. Målet var en reduksjon på over 10%, så at vi klarte 25% er helt utrolig.»

Bjørg Bjørgnes, initiativtaker og styreleder

Klimarekneskap i praksis – som alle kan lære av

Det som er spanande er at både kommunar og bedrifter kan dra lærdom av korleis klimarekneskap blir brukt for å ta miljøeffektive val som minimerer CO2-utslepp. Når Statsraaden er tilbake i Bergen (april 2023) skal Bergen kommune arrangere One Ocean Week, ei internasjonal samling med konferansar, workshops og seminar. Følg med!

Les mer om prosjektet

Tilknyttede partnere

Flere grønne løsninger

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner