Feira signering av fem nye partnarar i Vestland

Fylkesordførar Jon Askeland stilte med ordførarkjede og inspirerande ord då fem nye Klimapartnarar var samla til felles signeringslunsj i GC Rieber sitt nybygg «Krohnen».

GC Rieber Gruppen var sjølv ei av verksemdene som vart ønskt formelt velkomen som Klimapartner 11. juni, saman med møbelprodusenten Minus Solutions, filmfestivalen BIFF, plastrydde-stiftinga Framtidshavet og entreprenørkonsernet Romarheim AS .

Best i klassen

Signeringslunsjen fann stad i GC Rieber sitt nybygg “Krohnen” i Solheimsviken – eit bygg som skil seg ut som kanskje byens mest berekraftige. At stolane i kantina er leigd inn frå Minus, er ikkje tilfeldig: ved å tilby stolar som ei teneste, har Minus Solutions full kontroll på utslepp i heile verdikjeda.

Samarbeid og inspirasjonsfora

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, hadde både alvorsame og inspirerande ord til dei frammøtte:

– Det kjem urovekkande signal rundt heile kloden. Klimakrisa har vi snakka om lenge, og no tek sikkerheit og krig mykje merksemd. Men: klimakrise skapar òg rom for nye moglegheiter til utvikling og innovasjon. Me må sjå dette moglegheitsrommet – i det offentlege. Det held ikkje berre med politiske vedtak, sa Jon Askeland til dei nye partnarane.

«Me må inngå partnarskap, små og store samarbeid og inspirasjonsfora. Difor har me Klimapartnere Vestland i fylkeskommunen. Difor vil me støtta verksemdene som vil vera pådrivarar og gå frå ord til handling. Fordi ingen klarer å løyse klimautfordingane åleine»

  • – Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland

– Kvar og ein av desse nye partnarane er allereie pådrivarar i klimaarbeidet på kvar sitt vis. Det betyr mykje for oss å få lov å ønske dei velkomen i partnarskapen, og vi gler oss til alt vi skal få til i lag framover, seier Renate Nedregård, leiar i Klimapartnere Vestland.

Her er dei nye partnarane i Vestland:

GC RIEBER GRUPPEN

I GC Rieber har berekraft vore ein viktig del av verksemda sidan starten i 1879. Alle datterselskapa fører klimarekneskap, og har oppnådd fleire høgthengande miljøsertifiseringar. Konsernet jobbar aktivt med innovasjon og utvikling for å skapa ei meir berekraftig framtid.

Klimapartneravtalen vart signert av adm. dir. Jan Roger Bjerkestrand.

Les meir om GC Rieber Gruppen her

MINUS SOLUTIONS

Gründer og CEO Kristian N. Harnes signerer partneravtalen sittande på ein stol frå eige selskap. Med sin innovative forretningsmodell og design for sirkularitet kan MINUS tilby møblar med eit negativt klimafotavtrykk.

Les meir om MINUS her

ROMARHEIM AS

Med base i Alversund nord for Bergen, har Romarheim AS etablert seg som ein viktig aktør innan entreprenørtenester, grunnarbeid og store infrastrukturprosjekt i Noreg.

– Klimapartnere sine verdiar står sterkt i tråd med våre egne: Å vera nyskapande, ansvarleg, engasjert og ein god lagspelar. Vi er difor veldig stolte av å kunne kalla oss ein formell klimapartner, sier konsernsjef Kåre Romarheim.

– Vi har hatt fokus på berekraft over lengre tid, men dette forpliktar oss endå meir. Vi skal vera ein aktør som går foran.

Les meir om Romarheim her

BIFF – Bergen Internasjonale Filmfestival

Som største filmfestival i landet har BIFF lang erfaring med å opplysa og engasjera eit breitt publikum kring viktige og aktuelle klima- og miljøspørsmål. Sidan 2011 har BIFF hatt ein eigen klimafestival som del av filmfestivalen, og har til no vist meir enn 100 dokumentarar i dette programmet. Dei har òg lenge vore aktive pådrivarar for å minimera sitt eige klimafotavtrykk. 

– Vi ser fram til å kunna jobba saman med dei andre klimapartnarane om å utveksla erfaringar og ny kunnskap om korleis nå utsleppsmåla, seier festivalsjef Kristian Fyllingsnes.

Les meir om BIFF her

STIFTINGA FRAMTIDSHAVET

Framtidshavet står bak plastryddeaksjonane i Hardangerfjorden og Sognefjorden dei siste åra. Hundrevis av elevar, tilsette i verksemder og andre friviljuge har delteke i ryddinga og fått erfara korleis plasten kveler natur og dyreliv – men òg at det nytter å rydda! 

– Klimapartnere er eit fantastisk tiltak der bedrifter og andre viktige aktørar kan gå saman for å gjera ein forskjel i det grøne skiftet. Det vil vi gjerne vera med på, seier styreleier Bjarte Erstad i Framtidshavet.

Les meir om Framtidshavet her

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner