Den Nationale Scene er klimapartner!

Som Vestlandets største teaterinstitusjon tek DNS viktige steg for miljø og berekraft. Før påske signerte teatersjefen avtale med Klimapartnere Vestland.

Teatersjef Solrun Toft Iversen og fylkesvaraordførar Stian Opedal Davies signerte Klimapartneravtale i Vestlandshuset 22. mars 2024.
Foto: Morten Wanvik

Den Nationale Scene er nyleg sertifisert som Miljøfyrtårn på begge sine lokasjonar: teaterbygget frå 1909 i Bergen sentrum og dei nye produksjonslokala i det gamle blikkvalseverket på Laksevåg. 

– Vi har hatt fokus på gjenbruk og ombruk i scenekunstfeltet, men no har DNS også vore gjennom eit omfattande og koordinert berekraftsarbeid det siste året, seier Geir Mujic Elgsaas som er HMSK-leiar ved DNS.

– Klimagassavtrykk, risikovurderingar, mål og tiltak, rutinar og policyar er oppdaterte gjennom dette arbeidet. Vi har analysert alt frå energibruk, avfall, transport, leverandørar sitt miljøfokus og heilt ned til blekket på billettpapiret vårt, seier Elgaas.

Frå DNS-forestillinga «Amanda uten bremser»
Foto: Den Nationale Scene

I tillegg til sertifisering, ønskjer DNS no å bli aktiv del av det nasjonale Klimapartnerfellesskapet.

– Vi vil forplikte oss, og ta del i fellesskapet og møteplassane Klimapartnere gir oss, både for problemløysing, kunnskapsdeling og tverrfagleg rådgjeving for å løyse klimautfordringane. Det grøne skiftet er ei kontinuerleg omstilling for kultursektoren, og DNS ønskjer å vere framoverlent og ambisiøs i dette arbeidet, seier teatersjef Solrun Toft Iversen.

Klimapartnere Vestland har allereie fleire kulturinstitusjonar i partnerskapet.

– Med Den Nationale Scene på laget som Klimapartner i Vestland, får vi ein proaktiv pådrivar for berekraftsarbeidet, ikkje berre i Bergen, men som ein nasjonal statleg institusjon, seier Renate Nedregård, leiar i Klimapartnere Vestland.

Frå venstre: Geir Mujic Elgsaas, Solrun Toft Iversen, Stian Opedal Davies og Renate Nedregård. Foto: Morten Wanvik

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner