Klimapartnere Vestland inviterer alle partnarar til nylansering av Grøn region Vestland – fylket si samordna innsats for grøn omstilling i næringsliv og industri.
Noko er i ferd med å skje i Vestland. Ikkje stille og gradvis, men med tyngde og fart. Grøn region Vestland blir no fylkeskommunen si koordinerte satsing opp mot:
· Grøn region Vestland – dei sirkulære hubbane,
· Klimapartnere Vestland,
· Invest in Vestland,
· Styrka Marin Innsats,
· One Ocean Havbyen Bergen
Kvar for oss gjer vi ein skilnad. Saman er vi noko meir.
No inviterer vi verdiskaparar i Vestland fylke som går i bresjen for grøn omstilling til storsamling 2. september, der vi finn vegen vidare for Grøn region Vestland.
Dato: 2. september 2026 🕘 Tid: 10:00-14:00 📍 Stad: Grand Terminus, Bergen
Vi har naturgitte fortrinn, kompetente miljø og eit næringsliv som er klart for omstilling. Potensialet for verdiskaping blir realisert når alle aktørar, verkemiddel og politikk trekkjer i lag.
Samlar dei fremste stemmene
Korleis byggjer vi framtidas industri? Kvar kjem investeringane frå? Og kva skal til for at Vestland held fram med å vere leiande?
På lanseringa samlar vi dei fremste stemmene frå næringsliv, industri, politikk og forsking for å vise kva som skjer i dag, og kva som skal skje vidare.
På scena møter du mellom andre:
- fylkesordførar Jon Askeland
- klima- og miljødirektør Aslaug Aalen hos Statsforvaltaren i Vestland
- Johan Odvar Odfjell frå Farvant
- Camilla Skjelsbæk Gramstad, leiar for Samfunnsoppdraget for sirkulær økonomi
- Ronny Haufe, leiar for Energiparken
- Lars Jakob Pedersen og Sveinung Jørgensen, berekraftsprofessorar frå NHH
- Oda Igland frå Havland
- fylkesdirektør Robert Rastad
I tillegg til desse er næringsminister Cecilie Myrseth og Harald Solberg frå Norsk Industri blant fleire inviterte innleiarar.
Gjennom inspirerande innlegg, konkrete eksemplar og gode samtalar skal du få sjå korleis Vestland byggjer framtidas industri, utviklar nye verdikjede og styrkjer grøn konkurransekraft.
Dato: 2. september 2026 🕘 Tid: 10:00-14:00 📍 Stad: Grand Terminus, Bergen
Møteplass
Gjennom dagen får du møte menneska, verksemdene og prosjekta som byggjer framtidas Vestland.
Vi løfter fram konkrete eksemplar frå industri og næring, og viser korleis samarbeid mellom politikk, kapital, forsking og næring skaper nye moglegheiter. Du får òg høve til å møte aktørane bak satsingane, byggje nye relasjonar og kome med innspel til arbeidet vidare. Vi gler oss til å sjå deg!
