Korleis kan grøne tiltak gje økt verdi for bygg?

Langbruvegen 12, Førde
27.02.2026 kl. 08:00-10:00

Klimapartnere Vestland ønskjer velkomen til frukostmøte i samarbeid med SpareBank 1 Sogn og Fjordane.

Kva er grøn finansiering og kva tyder det i praksis?

Banken vil dele kva som ligg til grunn når dei vurderer finansiering av næringseigedomar – og kvifor energi, teknisk standard og klimatilpassing spelar ei stadig større rolle. Kva for krav og forventningar kan kundar møte på? Kva inneber omgrepet grøn finansiering, og korleis heng dette saman med risiko, driftskostnader og verdi på eigedom over tid?

Med utgangspunkt i eigne tal og erfaringar frå Sogn og Fjordane viser banken kva status er for energinivå og bygningsmasse i regionen. Mange bygg har både høg risiko – og stort forbetringspotensial.

Svanemerka bygg – eit lokalt case

Vi får også høyre frå Nor Tekstil. Dei har bygd Noregs første svanemerka kontorbygg i Florø. Det er eit «signalbygg», som viser berekraft gjennom lågt energiforbruk, fokus på godt inneklima, bruk av miljøvennlege materiale og ei heilskapleg miljøtenking i heile byggeprosessen.

Det er svært strenge krav for å få Svanemerket. Bygget, kalla Lysthuset, representerer ei forlenging av Nor Tekstils satsing på Svanemerket, som allereie omfattar over 90 % av vaskeriverksemda deira og viser korleis grøn omstilling kan integrerast i heile verdikjeda.

Program:

08:00: Velkomen, lett servering og bli kjent

08:15: Silje Mari Sunde fortel om Nor Tekstil sitt svanemerka bygg

08:35: Henrik Hundershagen frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane fortel om grøn finansiering

09:10: Panelsamtale med caser fra lokalt næringsliv – korleis får vi det til i praksis?

09:30: Oppsummering

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner