Korleis drive fram klimaomstilling i ei uroleg tid?
For 11. gong inviterer vi til Klimaomstillingskonferansen i Sogndal – eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet, Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing), Vestlandsforsking, KS, Kartverket og NORCE – og Klimapartnere Vestland.
Hald av datoane 21-22.september for eit fullpakka program med spennende innleiarar, diskusjonar og moglegheit til å gå i djupna i ulike parallellsesjonar.
Vi inviterer alle Klimapartnarar til å delta!
Rabatt for tidleg påmelding
Påmeldinga er open, med Early bird-billetter til rabattert pris fram til 15.mai, https://klimaomstilling.no/pamelding
Frist for å sende inn abstract for forskarar er 15.mai.
Sjå info på facebook om arrangementet og meld din interesse
Klimatilpasning og utsleppskutt
Verda er prega av stor uro for tida, og 2026 er med god grunn utnemnt til Totalberedskapsåret. Samstundes har vi ei klima- og naturkrise som forsterkar desse utfordringane. I år vil vi løfte fram korleis ein halde fram i arbeidet med klima- og naturkrisa når mykje av samfunnet si merksemd er retta mot tryggleik og beredskap.
21. september vert temaet klimatilpassing. Her kan du mellom anna lære om dei nye klimaframskrivingane frå Norsk klimaservicesenter og høyre innlegg om sivil beredskap. Nytt av i år er at vi inviterer alle forskingsmiljø i Noreg til å presentere siste nytt frå forskinga på klimatilpassing.
22. september vert tema utsleppskutt. Kommunar og næringsliv har framleis ein stor jobb framfor seg. Korleis kan dei halde fram med å omstille seg til eit lågutsleppssamfunn?
