Heile Vestland deler: Bildeling for folk, firma og framtida

"Rommet", Vaskerelvsmauet 7, Bergen
14.03.2024 kl. 19:00-19:45

Natur- og klimakrisa krev at vi gjer drastiske endringar i måten vi brukar både areal og energi på. Klimagassutsleppa og arealbruket må reduserast. 

Dette arrangementet er ein del av festivalprogrammet til Varmere Våtere Villere.

Skal vi lykkast med det grøne skiftet, må bruk og kast erstattast med delingsøkonomi og sirkulære verdikjedar.

Bilen har historisk sett teke stor plass, og medverka til klimagassutslepp og forureining i by og bygd. Samstundes står den stille store delar av døgnet, og er såleis skapt for å delast.

Finst det løysingar som kan redusere bilen sin påverknad på klima og natur, utan at det går utover kvardagen til folk flest, næringsliv og kommunar? Og korleis utvide bildelekonseptet også til kommunar i distriktet?  

Klimapartnere Vestland er stolte over å vere på Kulturhuset under Varmere Våtere Villere-festivalen. Vi har invitert eit panel ekspertar frå kommunesektor og næringsliv til å diskutere korleis bildeling kan redusere bilen sitt fotavtrykk, utan å redusere mobiliteten til innbyggarane, tenesteytarar og næringsliv. 

I panelet har vi med oss: 

–> Sturla Alvheim – Strategisk leiar for innkjøp, Vestland fylkeskommune 

–> Tori Langaas – Ansvarleg for brukaropplevingar, Dele (tidlegare Bildeleringen) 

–> Lars Ove Kvalbein – Spesialrådgjevar i seksjon for berekraftig mobilitet, Bergen kommune 

–> Renate Nedregård – Leiar i Klimapartnere Vestland 

–> TBA – Bedrift 

Arrangementet er ope for alle med festivalpass, men alle som registrerer seg i skjema nedanfor vil få tilsendt rabattkode som kan nyttast når de tingar pass.

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner