Bergen er tilrettelagt for bil, men korleis kan vi nytte infrastrukturen til å utvikle byen mot meir berekraftig mobilitet fram mot 2030 og vidare mot 2050?
Er det mogleg å reise både energieffektivt og tidseffektivt? Bør vi tenke nytt og bruke sjøveien meir? Eller er det kanskje heilt andre løysingar som trengst?
Bli med på samtale mellom forskaren, konsulenten og partnerskapsleiaren om berekraftig mobilitet og utvikling av Bergen!
I panelet møter du prof. Akkelies van Nes frå Høgkulen på Vestlandet, Steinar Onarheim frå Asplan Viak og Arild Sondre Sekse frå Klimapartnere Vestland.
Samtalen blir leia av Siri Smith, berekraftkoordinator ved HVL.
Arrangementet er del av Forskingsdagane ved HVL og er ope for alle interesserte.
Det blir servering av enkel lunsj frå kl. 11.30.
Velkomen!