Digitalt frukostmøte  – Tid for Handling!

Digitalt
02.11.2023 kl. 08:30-10:00
KS, Vestland Fylkeskommune, Klimapartnere, NHO Vestland, Statsforvaltaren i Vestland og LUP inviterer nyvalde ordførarar, kommunaldirektørar og samarbeidsråd til digitalt frukostmøte med tema klima arbeid og omstilling.

Vi treng å sette fart på handlekraftig klimaarbeid saman og ønskjer å tilby hjelp for å komme vidare.   
Klimakrisa og omstillingsarbeidet er vår tids største utfordring. Vestland fylke har ei målsetning om netto null utslepp i fylket innan 2030. Norge har nyleg oppjustert sine mål til 55 % utsleppskutt innan 2030. 

Skal vi framleis ha håp om greie det må alle på dekk no. Kommunane står midt i sentrum av dette og kan være svært viktige som drivkraft.   

Våren 2023 gjennomførte NHO Vestland ei undersøking for å sjå korleis det står til i Vestland med målsetningar og klimaarbeid i kommunane. Det er svært variert. Tida overmoden for handling.   

Program
Mål om Netto Null – Alle må med! v/Fylkesordførar Jon Askeland
Klimamål og moglegheiter for næringslivet v/ Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland
Klimakartet Vestland v/ politisk rådgivar Sondre Olsen i NHO Vestland
Nasjonale mål, forventningar til kommuner og oppfølging frå Statsforvalter v/ Miljødirektør Kjell Kvingedal
Nasjonale mål, forventningar til kommuner og oppfølging og hjelp frå KS v/ daglig leder Vestland Frode Kyrkjebø  Kva tilbyr fylkeskommunen og kva er dei viktigaste tiltaka v/ seniorrådgivar Ida-Beate Mølmesdal 
Klimapartnere beste praksis v/ leiar Renate Nedregård
Innovative anskaffelsar-  LUP v/seniorrådgivar Stig Bang-Andersen 
Åpen dialog og spørsmål
Avrunding v/ Helene Frihammer   Meld deg på i dag. Klikk på «husk å sette av tiden i din kalender» i bekreftelsen du får fra oss. Her vil du finne deltakerlenken til møtet.

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner