Klima- Energi og Miljøplan i Os

Arbeidet med Klima- Energi- og Miljøplan (KLEM) i Os er i gang for fullt. I august var ei rekke leiarar og tilsette frå alle etatane samla på Rådhuset for å diskutere tiltak som bør gjerast for at Os skal bidra i arbeidet med å redusere CO2-utslepp, skape eit betre miljø og førebu kommunen på klimaendringane. I starten av møtet gjekk konsulenten frå Asplan Viak gjennom klimarekneskapet som mellom anna er utarbeida ved bruk av klimakostverktøyet. Blant anna såg ein at vedlikehald av bygg og infrastruktur er ei viktig utsleppskjelde når det gjeld utslepp frå kommunen si eiga verksemd. Om ein ser på geografiske utslepp som skjer inn anfor kommunegrensa så er vegtrafikk og ferjetransport blant dei største utsleppskjeldene.

På møtet var det god stemning og veldig høgt engasjement! Dei ulike etatane overgår nesten kvarandre i målretta og ambisiøse tiltak. Dette inngår i ei trend, både i kommunar, fylkeskommunar og bedrifter, der det nærast går sport i å prestere høgt på klimafronten. På møtet i Os kom det fram over 100 forslag til tiltak, som gjeld alt frå klimasmarte bygg til å erstatte gummigranulat på kunstgrasbanar. Arbeidet framover vil bestå i å sortere tiltaka og prioritere dei i forhold til kor stor effekt dei gir og kor omfattande arbeidet blir. Det skal også utarbeidast mål og strategiar i planen. Det blir spennande å sjå korleis planen blir til slutt, og korleis dette verktøyet blir brukt og følgt opp i åra framover!

Tekst: Steinar Onarheim, planleggjar Asplan Viak, 10.sept.2018

Nokon av deltakarane på worskhop i Os kommune.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klimautslepp fordelt på etatar og ulike utsleppskjelder. Kjelde: www.klimakost.no

Skriv en kommentar

Navnet er påkrevd

Skriv en kommentar