Toppledermøte hos Oseana Kunst og Kultursenter på Os

Det var ei glede å halde toppleiarmøte i Klimapartnere Hordaland på vakre Oseana Kunst og Kultursenter på Os! Hovudtema for møtet var framoverlent, grønt leiarskap. Haldninga: «dette berre gjer vi» råda, og dei grønne gode eksempla florerte!

Grønt leiarskap var også tema for den innledande paneldialog mellom:  Fylkesvaraordførar Pål Kårbø, Byråd for klima, kultur og næring, Julie Andersland, Hilde Holdhus – leiar av Greensight og Kjetil Smørås- hotelldirektør i De Bergenske. Julie Andersland utfordra alle partnerverksemdene om å sette mål i tråd med Bergen kommune og bli fossilfri innen 2030. Hilde Holdhus ønska seg tydlegare nasjonale klima-målsetningar. Pål Kårbø kunne vise til fleire gode konkrete tiltak i fylket og prognosar om halvering av fylkeskommunen sine eigne utslepp innan 2020. Kjetil Smørås, som velfortjent nett har tatt i mot Miljøfyrtårn hederspris for langt og godt miljøarbeidet på Hotel Augustin, framheva behovet på eit tak på antall cruise-anløp til Bergen havn som eit særleg viktig område å jobbe saman om framover.

Vi fekk vidare servert gode eksempel på grønt leiarskap. Bente Haugsdal, daglig leiar i Angarde, fortalte om korleis ein jobbar med å skape ein grønn bydel på Spelhaugen og korleis bybanedepot i dagen truar desse planane.  Karl Johan Ingvaldsen, administrerande direktør Kavli, representerer ein av fire nye verksemder som signerte seg inn i nettverket under samlinga.  Han kunne fortelle korleis Kavli systematisk arbeider med halvering av matsvinn og hadde med to store Q- Melk kartongar som illusterte svært godt den spennande endringa Q-meieriene no har gjort med datomerkinga til «Best før, men ikke dårlig etter».

Neste nye partner, Fløyen ved administrande direktør Anita Nybø, kunne fortelle om den folkekjære og kortreiste destinasjonen «kun6minunna», som lagt på veg er grøn allereie, men som vil fortsette på den grønne reisa saman med nettverket. Ståle Helleland, forvaltningssjef hos Statsbygg region vest utfordra alle partnerar om å gjere det samme som denne nye Klimapartner-verksemda, nemleg sette krav om fossilfri bygg- og anleggsverksemd ved nye prosjekt.

På arrangement var vi også så heldige at verten sjølv Oseana Kunst og Kultursenter signert seg inn ved direktør Ole Tobias Lindberg.  Han både ønska velkomme, sto for glimrande bevertning og heldt ei flott omvising rundt på det imponerande bygget, som lenge har kunne skilte med solceller på taket og effektiv energistyring.

Takk for at vi fekk halde samlinga i flotte omgivelsar og tusen takk til alle som deltok med både bidrag og engasjement!
Ein grønn region som monnar, er definitivt i sikte når slikt leiarskap drar i samme retning!

Alle dei flotte bilda er tatt av fotograf Cecilie Bannow

Skriv en kommentar

Navnet er påkrevd

Skriv en kommentar