Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet.

Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til
innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur.

Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland.

Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) er øvste politiske leiar.

Politisk styringsstruktur | Meir om politikk

Samfunnsoppdrag

Hordaland fylkeskommune tek seg av oppgåver som er for store til at alle kommunar kan klare dei åleine, eller saker som går på tvers av kommunane.
Meir om fylkeskommunen sitt samfunnsoppdrag

Mange tilsette og stort budsjett

Hordaland fylkeskommune er ein av fylkets største arbeidsgjevarar med om lag 4 600 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på om lag 6 170 millionar kroner (2012). Investeringsbudsjettet er i 2012 på 2 545 mill. kr, slik at totalbudsjettet kjem opp i 8 715 mill. kr.

Om lag 42 % av budsjettet vert nytta til vidaregåande opplæring og om lag
3 600 av dei tilsette arbeider i opplæringssektoren. Nye veg- og ferjeoppgåver frå 2010 har ført til stor auke i samferdselsbudsjettet, som no utgjer 38 % av driftsbudsjettet.

Fylkeskommunen sine inntekter kjem hovudsakleg frå lokale skattar og statlege rammeoverføringar, i 2012 fordelt på 36 % og 40 %. Dessutan frå øyremerkte overføringar frå staten pluss diverse inntekter. Rammene for fylkesøkonomien vert i stor grad fastsette sentralt av statlege styresmakter.

Samarbeid

Gjennom Vestlandsrådet samarbeider Hordaland fylkeskommune med Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar om å fremje felles saker nasjonalt og om utviklinga av landsdelen

Forvaltningsnivå

Fylkeskommunen er det mellomste av dei tre forvaltningsnivåa i Noreg, og er styrt av fylkestinget. Dei to andre forvaltningsnivåa er kommune og stat.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal er øvste administrative leiar i Hordaland fylkeskommune.

 

Les meir på http://www.hordaland.no/