Grønn Tungtransport

Eit hovudfokus for Klimapartnere Hordaland fram mot sommaren er at verksemdene set ambisøse med realistiske klimamålsetningar, særleg innan transport.

Som eit ledd i dette heldt Klimapartnere Hordaland møte om Grønn Tungtransport i tett samarbeid med Klimaforum og Zero. Det var stor interesse for møtet som blei innleia av Byråd for klima, kultur og næring, Julie Andersland. Byråden presenterte klimaambisjonar og tiltak for Bergen kommune, men understreka tydeleg at ambisjonsnivået truleg vil bli skjerpa betrakteleg av dette Byrådet i nærmaste framtid.

FullSizeRender_8  FullSizeRender_9

ASKO VEST, BIR og Avinor- Bergen Lufthavn presenterte alle svært gode eksempel på målsetningar og beste praksis.

  • ASKO har mål om oppnå 50% fornybar drivstoffandel innan 2016 og 100% i 2020, samt redusere CO2-utslipp/m3 (base 2008) med 45%.
  • BIR har mellom anna satt seg ambisjon om avfallinnsamling i Bergen utan NOx og CO2 i 2020 og 80% reduksjon av CO2 frå all transport i same periode.
  • Avinor skal innan 2020 halvere eigne kontrollerbare klimagassutslipp (2012-tall) og samstundes redusere klimagassutslepp frå tilbringartjeneste og flytrafikk. Fossilt drivstoff skal erstattast med bærekraftig biodrivstoff i eigne kjøretøy og kollektivandel i tilbringartenesten aukast. Avinor skal bidra til at biodrivstoff til fly fasast inn i norsk luftfart og drifte norsk luftrom slik at klimagassutsleppa reduserast.
FullSizeRender  FullSizeRender_2

Etter den åpne delen av møtet var det ein lukka del for Klimapartere saman med rådgiverane frå Zero, der ein diskuterte nærare teknologiske moglegheiter og eventuelle utfordringar på vegen mot nullutsleppstransport.
FullSizeRender_5

Presentasjoner frå møtet om grønn tungtransport finn de her:

Bergen kommune
Klimapartnere
Zero
ASKO VEST
BIR
Avinor

Skriv en kommentar

Navnet er påkrevd

Skriv en kommentar